Hopp til hovedinnhold

Raubergstulen

1000 meter over havet ligg Raubergstulen idyllisk til langs vegen, berre 10 kilometer før turstien til Galdhøpiggen startar. Her kan du bu høgt og fritt i nordenden av Jotunheimen, med utsikt til duvande og mektige fjell, piggar og dalstrok.

Ro og natur i høgsetet

Rundt oss ligg fjell, vatn og urørt natur. Eit godt utgangspunkt for utflukter i fjellheimen vår, med familie, vener og grupper. Været vårt er naturgjeve lunt, med høge fjell som skjermar oss midt mellom aust og vest.

Raubergstulen har rom, hytter, leilegheiter og campingplass – og eit bankande hjarte for naturopplevingar og matglede. Her vil vi at du skal kunne nyte turfølelsen og roa ein finn til fjells.

Opplevingar

Gjestane våre får oppleve Galdhøpiggen, trener alpint, har ei god ramme for leirskule eller bygger teamet sitt. Vi skreddersyr opplegg, og foreslår gjerne nærturar og opplevelsesrike aktivitetar i området – alt tilpassa reisefølget. Det kan være riding med oss, eit besøk i klatreparken hjå vår nærmaste nabo, eller andre aktivitetar der naturelementa speler hovudrolla.

Kjøkkenet

Kjøkkenet vårt er kjent for god heimelaga mat, med lokale råvarar og smaker. Vi tek naturen med inn i matsalen, og byr på frukost og middag kvar dag. I høgsesongen finn du og ein liten lunsjmeny.

Guide

Raubergstulen har eigne, erfarne guider for gjestane våre, som tek deg trygt og triveleg opp til Galdhøpiggen.

Opningstider

Raubergstulen opner dørene fyrste halvdel av mai og ynskjer deg velkomen heilt fram til tidleg november. Onlinebookingen er open delar av sesongen, tidsrommet den er ope varierar frå år til For bestilling utanom dette kan dykk ringe eller sende e-post.

Vertskapet

Raubergstulen er ei familiedrive turisthytte. Familien Mundhjeld ynskjer dykk varmt velkomen til fjells.


20180918_101242