Hopp til hovedinnhold

Mat

På Raubergstulen får du god og heimelaga mat frå botn av. I matsalen fyrer vi på peisen, og kjøkkenet gjev deg innslag av lokale råvarer og smakar. 

Vi har fokus på at kosthaldet skal gå hand i hand med aktivitetane dine i fjellet, slik at du får næringsrik mat for både kropp og gane.

Dei sesongbaserte råvarene avgjer korleis menyen blir satt saman. 

Frukost

Få ein god start på dagen og forsyn deg av den store frukostbuffeten. Kvar morgon kan du og smøre deg ei matpakke (kr. 50,-) og fylle termosen (kr. 40,-). For deg på rom med halvpensjon er niste og varm drikke inkludert. Bur du på hytte eller på campingplassen er de velkome til å kjøpe deg frukost. Frukost kan bestillast kvelden før, men de kan og få frukost om du kjem om morgonen. Berre prat med resepsjonen, så ordnar det seg.

Middag

Etter ein dag i fjellet kan du ete deg god og mett i vår treretters middagsbuffet. Denne er inkludert for deg som er gjest med halvpensjon. Bur du på hytte eller på campingplassen kan du bestille middag i resepsjonen. Dette kan gjerast kvelden før eller same morgon. I høgsesongen må de avtale med resepsjonen når de skal ete, dette må vi gjere for å unngå at alle et likt.

Drikke

Vi har eit rikt utval av alkoholfrie og alkoholhaldige drikkevarer. Her finn du gode leskedrikker som juice frå Røyse Bærpresseri eller lokalprodusert øl. Snakk gjerne med servitøren som finn ein god vin for deg. Vil du sjå vinlista, er det berre å ta kontakt. I baren finn du og eit godt utval av brennevin.

Allergi

Vi legg til rette for deg med allergi. Gje beskjed til oss når du bestiller, eller i resepsjonen når du kjem. 

Selskap

Vi har lang erfaring i å arrangere bryllaup, konfirmasjon og bursdagar. Spør oss gjerne om korleis vi kan legge til rette for at du får ei ekstra fin ramme kring merkedagen for deg og dine.

Ta kontakt om selskap

Velkomen inn i matsalen.

6Y5A5511