Hopp til hovedinnhold

Galdhøpiggen Klatrepark

Norges fineste klatrepark

Norge har etterkvart mange og varierte klatreparkar å tilby, men her finn du ein av dei fyrste som vart laga og den med desidert flottaste utsikta! Nyrenovert i 2019 med topp moderne sikringssystem er dette utgangspunktet for ein spennande og lærerik dag i aktivitet i fagre Bøverdalen!

Klatreparken er tilpassa ulike ferdigheitsnivå. Barneløypa er for dei minste klatrarane, gjerne for den som aldri har prøvd lignande før. Her kan vaksne gå ved sida av løypa på bakken og heie poden fram.

Ekstremløypa er ei skikkeleg utfordring for sjølv den mest garva klatraren. Designaren var i eit utspekulert lune den dagen dei fleste av klatreelementa vart laga, og du skal bruke kroppen din smart for å ha krefter heilt inn. Tek du utfordringa?

Instruktørane våre er erfarne og trivelege vaksne med det mål for auga at du skal oppleva meistring, glede over å vera i aktivitet og setje deg i bilen etter endt dag med friske kinn og eit smil om munnen.

Opningstider

2. juli til 11. august 10:00 – 17:00
Open: Tirsdag, torsdag, fredag, lørdag og søndag.
Oppmøte mellom: 10:00 – 15:00. Siste oppmøte: kl. 15:00

Grupper utanom åpningstid, ta kontakt: klatrepark@raubergstulen.no

Varighet: 4t
Vanskelighetsgrad: Middels
Alder: 3+

Priser

Under 110cm: NOK 135,-
Under 140cm: NOK 290,-
Over 140cm: NOK 385,-

Praktisk info

Galdhøpiggen klatrepark ligg på 1000 moh. rett attmed Raubergstulen turisthytte. Det er difor lurt å ta med ekstra klede og yttertøy. La flipp-floppane liggje heime, og ta på deg gode sko som sit godt på foten.

Vi har hanskar, is og drikke til sals. Ta gjerne med niste og termos sjølve og bruk heile dagen hjå oss.

Annan nyttig og viktig informasjon for å få ein fin dag i parken:

  • Høgdekrav barneløype: over 80 cm
  • Høgdekrav grøn løype: over 110 cm
  • Høgdekrav blå og raud løype: over 140 cm
  • Høgdekrav svart løype: over 160cm
  • Barn u/ 6 år må fylgjast av ansvarleg vaksen i grøn løype
  • Barn u/12 år må fylgjast av ansvarleg vaksen i raud, blå og svart løype
  • Max 4 barn per ansvarleg vaksen i løypa
  • Maxvekt 120 kg
  • Klatreseler og anna sikkerheitsutstyr er inkludert

Drop-in

Oppmøte mellom kl. 10:00 – 15:00 (tirs, ons, fre, lør og søn).
Siste oppmøte kl. 15:00.

Egenerklæring

Før klatringa tek til, må du fylle ut egenerklæring. Dette får du hjelp til. Du må gjennomgå opplæring i tryggleik før du får klatre på eigehand.

Alle som skal klatre i klatreparken eller skal lese og samtykke til egenerklæring:

Eg stadfestar at:

  • Eg/vi er under 120kg.
  • Eg/vi ikkje er gravid, eller under påverking av alkohol/rusmidlar.

Før eg og/eller gruppa eg er ein del av startar klatringa i aktivitetsløypa:

  • Deltek eg/vi på instruktørstyrt opplæring.
  • Set eg/vi oss inn i og fylgjer reglane i klatreparken.

Tryggleiksreglane i klatreparken vert opplyst om i opplæringa og står på fleire skilt omkring i parken og på området kring. Brot på desse kan føre til bortvisning frå parken utan krav på refusjon av billett.

YGsfJxo-scaled