Hopp til hovedinnhold

Aktivitetar

I området rundt Lom og Bøverdalen bugnar det av aktivitetar der naturelementa speler hovudrolla.
Her finn du ei liste over opplevingar det er verdt å prøve.

Familie på tur til Galdhøpiggen

Galdhøpiggen – guida tur

Bli med ein av dei trivelege guidane våre til Galdhøpiggen. Her på Raubergstulen har guida tur for eigne gjester.

Sjå meir om guida tur

4 jenter på islandshest

Fjellriding på islandshest

Ta med deg venner eller familie å opplev naturen frå hesteryggen. Islandshestane våre er ein god turkamerat som tek deg trygt fram.

Les meir om rideturane her

Galdhøpiggen klatrepark

Med sine 7 klatreløyper og uslåelege utsikt mot Breheimen nasjonalpark er Galdhøpiggen klatrepark den høgstliggjande i Norge.

Sjå meir om klatreparken (ekstern lenke)

Klimapark 2469

Bli med inn i ein 375 kvadratmeter handhogd istunnel fylt med is-skulpturar og arkeologiske skattar.

Sjå meir om Klimapark 2469 (ekstern lenke)

alpint på Galdhøpiggen sommerskisenter

Sommerski

Galdhøpiggen sommerskisenter, som ofte blir kalla «Juvass», er eit moderne skianlegg med alle fasilitetar, og egnar seg til både alpint, telemark og snowboard

Besøk sommarskisenteret på nett (ekstern lenke)

Langrenn Sognefjellet


Sognefjellet sommerskisenter, ligg like ved Fv 55 over Sognefjellet. Her er det oppkjørte langrennsløyper frå midten av mai til august.

Besøk Sognefjellet sommerskisenter på nett (ekstern lenke)

Brevandring

Er du ein nysgjerrrig utforskar som ynskjer nærkontakt med ein mektig isbre? Ta med deg familien til Jotunheimen flottaste brefall.

Opplev brevandring (ekstern lenke)

Grottetur

I vakre og frodige Dumdalen finn du 10.000 år gamle kalksteinsgrotter danna under siste istid.

Les meir om grottetur (ekstern lenke)

Bakeriet i Lom

Å besøke Bakeriet i Lom er ei oppleving i seg sjølv. Her finn du luftige kanelsnurrer, gode brød og mykje meir.

Besøk Bakeriet i Lom på nett (ekstern lenke)

Mammut på fjellmuseet

Norsk fjellsenter

Norsk fjellsenter er eit besøkssenter for nasjonalparkane Jotunheimen, Reinheimen og Breheimen med utstilling, museum og butikk.

Besøk fjellsenteret på nett (ekstern lenke)