Hopp til hovedinnhold

Galdhøpiggen

Bli med oss til Galdhøpiggen! Våre breførarar tek deg trygt og triveleg med til toppen av Norge.

Galdhøpiggen er ein topp mange kan nå og turen er ei fantastisk oppleving for heile familien.

Guida turar i 2023:
3. juni – 17. juni har vi guida tur kvar laurdag.
20. juni – 13. august har vi guida tur kvar dag.
19. august – 23. september har vi guida tur kvar laurdag.
Utanom desse tidspunkta arrangerar vi guida tur for grupper som bur hjå oss.

Med guide på tur

Vi har stort sett lokale guidar med god lokalkunnskap. Dei fortel gjerne litt ekstra om turen og området rundt oss om anledninga byr seg.

Påmelding

Meld deg på turen til Galdhøpiggen i resepsjonen kvelden før. Her vil du få tidspunkt for oppmøte morgonen etter (stort sett så møter vi kl. 8.30 eller kl. 9.00). Oppmøte er utanfor resepsjonen på Raubergstulen, her vil de få informasjon om turen og utdeling av utstyr.
Guida tur til Galdhøpiggen kostar kr. 330,- per barn (7–12 år) og kr. 380,- per vaksen.

Pakketilbod

Raubergstulen har pakkeprisar for deg som vil overnatte, eta god mat og vere med på guida tur til Galdhøpiggen. Vi skreddarsyr og for firma og grupper. Sjå gjerne desse pakketilboda:

Nyttig informasjon

Er du klar for majestetiske Galdhøpiggen? Her er nyttige sider til deg før du legg i veg: 

Foto-Henrik-Str+©mstad---H+©yoppl+©selig-(5-av-18)