Hopp til hovedinnhold

Praktisk informasjon

Her har vi samla nyttig informasjon til deg som vil bu på Raubergstulen

Opningstider / Mat-tider

I 2023 har vi ope frå 13. mai – ca 6. november.

I sesongen er resepsjon ope frå kl. 07.30 – 23.00 kvar dag.
Utover dette har vi sovande nattvakt på tlf. 61 21 18 00/98 80 65 46

Mat

Restauranten vår serverer ein 3-retters middagsbuffet kvar kveld og frukost kvar morgon.
Det er og mogle å lage seg nistepakke ved frukosten.
Frukost blir servert frå kl. 7.30 – 9.30 (10.00 sundagar) (Kr. 160,-/vaksen og kr. 80,-/born)
Middag blir servert frå kl. 18.30 – 21 (Kr. 450,-/vaksen og kr. 215/born)
Bestill bord for middag i resepsjonen.

Det kan vere at vi endrar tidene for serveringane noko gjennom sesongen. Sjekk tavla som står i respsjonen for meny og tidspunkt for servering.

Innsjekk/Utsjekk

Innsjekk frå kl. 16

Utsjekk fram til kl. 11

Det er i enkelte tilfeller mogle å avtale seinare utsjekk eller tidlegare innsjekk, høyr med resepsjonen om dette mogle og avtal dette med dei.

Været og turen til Galdhøpiggen

Vi får mange spørsmål om været, og blir det tur til Galdhøpiggen?
Og ja, det blir tur til Galdhøpiggen! Vi avlyser ingen tur på værvarselet.


Dette fordi værvarselet er ein ting og været noko anna her hjå oss.
Vi ligg på værskillet mellom øst og vest og i dette området er det særs vanskeleg å melde været. Det er spesielt vanskeleg når det er lågtrykk, og da bør ein ikkje sjå lenger fram i tid enn 48 timar. Om du føljer med værmeldinga over litt tid vil du sjå at den ratt endrar seg fleire gonger om dagen. Derfor startar alle turane våre.
Nokre få gonger må vi snu fordi det ikkje er forsvarleg å gå vidare, det skjer om det kjem torden eller om det blir for sterk vind slik at vi ikkje kan gå oppreist lenger.
Vi lovar ikkje vindstille og sol kvar dag, men det kan ein ikkje forvente seg heller når ein skal på Norges høgaste fjell. Det er ikkje uvanleg med kuldegrader og snø i juli – du skal tross alt opp på 2469 moh.
Trass i at været ikkje alltid er heilt på lag med oss, så har vi mange fine turar til toppen i «dårleg» vær. Kanskje vil det være den turen vi hugsar lengst?
Ei bestemor sa det til oss ein gong; «Det er dei turane da alt ikkje gjekk som det skulle, ungane hugsar best» og det stemmer nok det.

Når alt dette er sagt så tvingar vi ikkje nokon til å vere med på turen sjølv om den er bestilt. Og blir du ikkje med på tur, så treng du ikkje betale den heller.
Vi veit at mange bestiller her for å gå til Galdhøpiggen, men blir været ufyseleg og du ikkje har lyst til å gå, så finn på noko anna da vel. Det er mange andre aktivitetar her som du kan prøve i staden. Og Galdhøpiggen kan du kome attende for å gå ein annan gong, den forsvinn ikkje med det fyrste.
Vi kan for eksempel foreslå:
– Galdhøpiggen Klatrepark
– Klimapark 2469
– Lom sentrum med «Bakeriet i Lom», «Lom stavkyrkje», Aktivilom sin aktvitetspark ved Sport1, Prestfosstraversen mm.
– «Fyrst og Fremst» og «Aktivilom» har grotteturar til kalksteinsgrottene i Dumdalen, eller blåistur til Bøverbreen.
– Det er fleire fine turar å gå i Bøverdalen, spør oss i resepsjonen så kan vi foreslå nokre.
– Fiske på Sognefjellet
Og mykje anna.

Avbestillingsreglar

Fri avbestilling inntil 15 dagar før ankomst. Blir ordren avbestilt seinare enn 15 dagar før opphaldet startar, er du forplikta til å betale ein prosentvis andel av avtala pris:

  • 14–4 dagar før ankomst: 50%
  • 3–1 dagar før ankomst: 75%
  • Avbestilling ankomstdagen eller noshow: 100%
  • Ynskjer du å endre ordren din kostar det kr. 1000,- pr rom/hytte


Blir du sjuk og ikkje kan kome så ver lur å ha reiseforsikring, den dekkjer avbestilling ved sjukdom.

Hund på rommet/hytta

Vi har ein del rom og hytter det det er lov å ta med inn hunden.
Avtal dette med resepsjonen når de bestiller.
Det kostar kr. 200,- ekstra å ta med inn hunden.

Hunden har ikkje adgang til andre rom slik som resepsjonen.

El-bil ladestasjon

Vi har foreløpig ingen ladestasjon for el-bil. Men det er anledning til å lade hjå oss. Avtal med resepsjonen kvar du kan lade bilen.
Det er ikkje lov å berre plugge inn i kva stikkontakt som helst.

Å lade el-bil kostar kr. 100,-

Kode på wifi-nettet

Vi har gratis wifi for alle som bur hjå oss og koda får de i resepsjonen.

DNT-rabatt

Vi er ei privat hytte og har dessverre ikkje DNT-rabatt.

Reisa hit

Den lettaste måten å kome seg hit på er ved å kjøre eigen bil.
Kjem du via Lom sentrum, tek du av mot Sogndal i rundkjøringa og kjører i ca 20 km. Nå er du på Galdesand og her svinger du til venstre mot Raubergstulen, Juvasshytta og Galdhøpiggen. Etter 4,5 km er du framme.
Kjem du over Sognefjellet svinger du til høgre ved Coop Marked på Galdesand, det står Juvasshytta, Raubergstulen og Galdhøpiggen på skiltet. Etter 4,5 km er du her.

I sommarferien går det rutebuss frå Lom til Galdesand – Raubergstulen – Juvasshytta – Galdhøpiggen sommerskisenter.
Se https://innlandstrafikk.no/reise/fjellruter/rutetider/ for rutetabell.