Hopp til hovedinnhold

Familiepakke

Overnatting i to døgn med halvpensjon og guida tur til Galdhøpiggen

Book her

For familiar som vil ta turen til toppen av Norge, tilbyr vi eigen pakkepris på overnatting og guida tur til Galdhøpiggen.

Raubergstulen og naturen rundt oss er perfekt for barnefamiliar. Her er det uendeleg med boltreplass for små og store.

For å gjere familieferien i fjellheimen så enkel som mogleg, har vi laga ei eiga pakke. Vi har frå-prisar og mange kombinasjonar, etter kva du vel under booking.

Pakka kostar f.eks frå kr. 7 195,- for to døgn med halvpensjon (2 vaksne + 2 barn), inkludert guida tur til Galdhøpiggen.

Bestill familiepakke her

Raubergstulen har eigne familierom med både fire og fem senger. Desse har dusj, toalett og gratis wifi. 

Vi legg vekt på at barnefamiliar skal trivast hjå oss, og tilbyr ein barnevenleg meny.

I peisestova er det godt å samle seg etter ein dag i fjellet, med brettspel, kortstokk og bøker. 

Raubergstulen ligg idyllisk til ved foten av Galdhøpiggen, med mange aktivitetar og turar i området. Nedanfor fjellcampingen ligg og eit vatn ein kan bade i når sola varmar.

Vi anbefaler gjerne forskjellige turstigar, hesteridning, klimaparken og klatreparken, i tillegg til sjølvaste Galdhøpiggen.

Sjå gjerne «Aktivitetar» for inspirasjon til utflukter i området. 

Bestill familiepakke med guida tur til Galdhøpiggen