Hopp til hovedinnhold

Våre rom

Vi har enkeltrom, dobbeltrom og familierom. Alle med dusj og toalett. Velg mellom frukost eller halvpensjon.

Book rom

Overnatt ved foten av Galdhøpiggen

På Raubergstulen ligg alt godt til rette for ei god natts søvn, før og etter ein rik dag i fjellet.

Vi ligg i hjartet av Jotunheimen, med natur i alle himmelretningar. Omgi deg med fjell og flora – vi sørger for behagelege rom, matglede og ro.

Raubergstulen har 33 rom, alle med dusj og toalett. Du kan velje mellom enkeltrom, dobbeltrom, eller familierom med 3-6 senger. Start dagen med den store frukostbuffeten vår ein perfekt start på dagen.

Enkeltrom
Bu på enkeltrom med dusj og toalett.

Dobbeltrom
For par og vener tilbyr vi dobbeltrom med to senger, dusj og toalett.

Familierom
Vi har familierom med 3–6 senger, dusj og toalett.

Overnatting med frukost eller halvpensjon
Vel du å bestille overnatting med frukost byr vi på ein god og næringsrik frukostbuffet.
Har du lyst til å ta med deg nistepakke kan de smørje den sjølv for kr. 60,- pr stk. Det er og mogle å fylle termosen med varm drikke til kr. 40,- pr termos.
Og får du lyst på middag, er det berre å booke bord i resepsjonen. Denne koster kr. 465,- pr vaksen og kr. 225,- pr born.

Bestiller du halvpensjon får du i tillegg til frukostbuffeten ein god 3-retters middagsbuffet i spisesalen.
I tillegg er sjølvsmurt nistepakke og termosfylling inkludert.

Vi har alle rettigheiter, og noko for alle. 

Hund
Det er lov med hund på nokre rom mot eit tillegg på kr. 200,- pr. opphald.

Pakketilbod
Vi har pakker med overnatting og guida tur til Galdhøpiggen, og skreddersyr pakker for firma og grupper.

Sjå pakketilboda her