Hopp til hovedinnhold

Fjellriding – turar for heile familien

Opplev naturen frå hesteryggen – bli med på ridetur i naturskjønne omgjevnader.
I sesongen kan du bli med islandshestane våre på tur kvar dag. Bestill på førehand, og gled deg til ei oppleving med hesten som turkamerat under kyndig veiledning frå guidane våre.

Rideturane våre passar for både små og store, med og utan erfaring.
Vi har leietur, timestur, 2-timerstur, halvdagstur og familietur. Aldersgrense 8 år og vektgrense 90 kg, på leieturar tek vi og med mindre ungar

Sesongen 2023 er frå 1. juli – 15. august. (men vi har og turar på forespørsel etter 15. august).

Turane våre

Leietur
Denne turen passar frå ca 2 år og oppover. Her går vi langs grusveg og hesten blir leidd.
Pris kr. 250,- pr pers.

Timestur (vi rir i ca 45 minutt)
På denne turen rir vi ute i terrenget. Her vil det bli oppoverbakkar og nedoverbakkar, tre som skal passerast og steinete stigar. Alle sin eigen hest.
Pris kr. 450,- pr pers.

2-timerstur
Denne turen startar langs ein grusveg før vi rir ut i terrenget. Vi rir utover dalen, forbi Ørnekampen før vi stoppar og tek ei lita pause. Ta gjerne med ein sekk med litt drikke og snacks.
Det er flott natur og fin utsikt. Alle styrer sin eigen hest.
Pris kr. 700,-

Halvdagstur (ca 3 timer)
På halvdagsturen vår rir vi utover mot Knippen, på veg hit vi de sjå flott natur og fin utsikt.
Vi ser utover Bøverdalen og på fine dagar kan vi sjå både Loftet og Hestbrepiggane.
Når vi kjem til Grånebben stoppar vi og tek ei pause. Ta med deg sekk med niste og drikke, så kan du nyte den her. Alle styrer sin eigen hest.
Pris kr. 850,- pr pers.

Familietur
Familieturen er litt kortare enn halvdagsturen, men de vil likevel få oppleve samspelet med hesten, flott natur og fin utsikt. Vi rir oppoverbakkar og nedoverbakkar, det er tre som skal passerast og steinete stigar. Det er 8 års aldersgrense på familieturen, og alle styrer sin eigen hest.
Pris kr. 2750,- (2 vaksne og 2 barn, kr. 400,- pr ekstra barn).

Kjekt å vite når du vil på tur med oss

  • Når du skal på ridetur med oss får du fyrst vere med å stelle og sale på hesten før dykk rir ut på tur.
  • Vi rir i flott terreng på fine stigar. Har nokon lyst til å vere med på turen utan å ri så kan ein fin gå saman med oss
  • Timesturane går i nærområdet rundt Raubergstulen
  • 2-timersturane og halvdagsturane har pause, så ta med niste og ein kaffetermos om du vil
  • Vi har aldersgrense på 8 år (på lengre turar enn leietur) og ei vektgrense på 90 kg

Sikkerheit

Alle som rir hjå oss må bruke hjelm. Vi har til utlån, eller du kan ta med sjølv. Vi rir i nesten alt slags vær, ta derfor med gode og varme klede på kalde dagar. Hugs at været kan forandre seg fort, så det er lurtå ta med ekstra klede sjølv om det er fint vær når turen startar – det kan og bli kaldt når du sit roleg på ein hest. Vi reiser ikkje ut på tur i torden.

Ta kontakt for å bestille tur på hesteryggen