Hyttene våre
Trivelege hytter på tunet, med dusj og toalett, kjøkken, peis og TV-stue. Kombiner gjerne med eit godt måltid i spisesalen.
Hytter ved foten av Galdhøpiggen
Bu i triveleg hytte ved Galdhøpiggen, godt utrusta med alt du treng for eit komfortabelt og hyggeleg opphald. Med din eigen dørstokk, er du raskt ute i naturen.
Book hytte på Raubergstulen her
Raubergstulen har 7 hytter i ulike storleiker som passar fint til både stutte og lengre opphald i fjellheimen i Lom.
Alle hyttene har dusj og toalett, stove med peis og godt utstyrt kjøkkenkrok. Set frå deg fjellskoa i gangen, og slå deg ned i sofaen for hyttekos etter ein dag i fjellet.
Til vanleg er du velkomen inn i restauranten for middag og frukost kvar dag. Grunna situasjonen med covid-19 kan vi ikkje garantere at våre hyttegjester i år kan nytte seg av dette tilbodet.
Hytter med to soverom
Her finn du fem hytter med to soverom og ein hems, med til saman 7 senger, dusj og toalett, stue med peis og godt utstyrt kjøkkenkrok. Pris:
- 2–4 pers kr. 1400,-/natt
- 5-7 pers kr. 1800,-/natt.
Peisestugu
Her er tre soverom og 10 senger (2+4+4 senger). Alle romma har eige bad, med dusj og toalett. I stua er det peis, og kjøkkenkroken er godt utstyrt. Pris:
- Kr. 300,- pr pers/natt (minimum kr. 2100,- per natt)
Vetlhytta
Denne hytta har to soverom med til saman 6 senger (2+4 senger), og bad med dusj og toalett. I stua er det peisovn, og kjøkkenkroken er godt utstyrt. Pris:
- 2–4 pers kr. 1400,-/natt
- 5–6 pers kr. 1800,-/natt
Sengetøy og handkle
I hytta ligg dyner og puter klare, og du vel sjølv om du vil ha med deg sengetøy og handkle, eller om du vil leie det her. Det kostar kr. 150,- pr pers.
Hund
Det er lov med hund på hyttene for kr. 200,- per opphald.
Velkomen til Raubergstulen!