Hopp til hovedinnhold
Hesteridning

Hesteriding

10. mars 2020

Opplev naturen frå hesteryggen – bli med på ridetur i naturskjønne omgjevnader.

Vi har islandshestar og tilbyr ridetur kvar dag i sesongen. Bestill på førehand, og gled deg til ei oppleving med hesten som turkamerat under kyndig veiledning frå guidane våre.

Rideturen passar for både små og store, med og utan erfaring. Vi har leietur, timestur, 2-timerstur og halvdagstur. Aldersgrensa er 8 år.

Sesongen 2022 er frå 1. juli – 14. august. (men vi har turar på forespørsel etter 14. august og.)

Prisar

Leietur i ca 15 minutter: kr. 250,-
Timestur: kr. 400,-
2-timerstur: kr. 650,-
Halvdagstur, ca 3 timer: kr. 800,-
Familietur for egne gjester: kr. 2600,- (2 vaksne + 2 barn, kr. 350,- per ekstra barn)

Om våre turar

  • Når du skal på ridetur med oss får du fyrst vere med å stelle og sale på hesten før dykk reiser ut på tur
  • Vi rir i flott terreng på fine stigar. Har nokon lyst til å vere med på turen utan å ri så kan ein fin gå saman med oss
  • Leieturane går langs grusveg, her kan dykk gå ved sidan av hesten medan nokon rir
  • Timesturane går i nærområdet rundt Raubergstulen
  • 2-timersturane og halvdagsturane har pause, så ta med niste og ein kaffetermos om du vil
  • Vi har en vektgrense på 100 kg

Sikkerheit

Alle som rir hjå oss brukar hjelm. Lån her, eller ta med sjølv. Vi rir i all slags vær, så ta med gode og varme klede på kalde dagar. Hugs at været kan forandre seg fort, så det er fint å ta med ekstra klede sjølv om det er fint vær når turen startar – det kan og bli kaldt når du sit roleg på ein hest.

Ta kontakt for å bestille tur på hesteryggen