Med sine 2469 meter over havet, er Galdhøpiggen eit ynda turmål for mange. Her er turguiden som gjer opplevinga di best mogleg.
Å gå Norges høgaste fjell byr på ei mektig naturoppleving og meistring. Etter vandring på bre og i røys, er premien nistepakka på toppen – med ein fantastisk utsikt over fjell og toppar så langt auget kan sjå.
Turstart
Vi startar turen til Galdhøpiggen på Raubergstulen. Her ligg vi i nordenden av Jotunheimen og Galdhøpiggmassivet, og er eit nært og godt utgangspunkt for turmålet til toppen av Norge. Oppmøtetidspunkt får du ved påmelding i resepsjonen kvelden før, vanlegvis startar vi kl. 8:30 eller 9:00.
Vi gjer oss klare for dagen ilag, med utdeling av utstyr og informasjon om turen. Du vil få utdelt kroppssele som skal brukes over breen, og brodder ved behov. No er du klar for tur, og i din eigen bil køyrer du til Juvasshytta som er utgangspunktet for turen. Sjå gjerne tips til kva du bør ha med deg i sekken i pakkelista vår.
Undervegs
Frå her fylgjer vi tradisjonell rute over Styggebreen. Vi startar i roleg gange inn mot breen. Etter omlag èin time, kjem vi fram til brekanten. Her blir det ei god pause medan førarane legg ut tau til breturen.
Mot toppen
Etter innføring i korleis vi skal gå på bre krysser vi Styggebreen. Det tek omlag 45 minutt i roleg tempo. No kjem vi til «pigge-ura», og her går vi ut av taua og går det siste stykket til toppen utan. Vi er no på 2230 meter over havet, og nærmar oss toppen av Norge – det gjenstår 200 høgdemeter før målet er nådd.
Aldersgrense
Nedre aldersgrense på Galdhøpiggen-turen er 7 år grunna sikkerheit, og derfor tek vi heller ikkje med barn i bæresele. Sjølv om dei aller minste bør få nokre år på seg før dei går til Norges tak, har vi flust av fine turer og aktivitetar i området vårt som er vel så givande. Sjå gjerne bloggen vår for inspirasjon til utflukter og aktivitetar med barn.
Nyttig informasjon
- Været kan vere sol frå skyfri himmel eller det kan vere vannrett snødrev sjølv om det er midt på sommaren. Sjå derfor vår pakkeliste for kva du bør ha med i sekken.
- I løpet av turen er det viktig å fylle på med mat og drikke. Ta med ei god nistepakke og rikeleg med drikke, det er ingen stad å fylle vassflaska undervegs.
- Hunden kan vere med på tur til Galdhøpiggen, og vi ynskjer at den brukar kroppssele.
- Vi ynskjer at gjester med spesielle behov seier fra på førehand slik at vi kan tilretteleggje turen best mogleg.
- Juvasshytta tilbyr og dagleg føring til Galdhøpiggen for alle som vil til topps. Juvasshytta har startidspunkt kl. 09:00 for eigne gjester og kl. 10:00 for alle andre.
Pakketilbod
Raubergstulen har pakketilbod på overnatting med guida tur til Galdhøpiggen.