Galdhøpiggen klatrepark

Galdhøpiggen Klatrepark ligg kun to minutts gåtur frå resepsjonen på Raubergstulen.
Kaltreparken har i dag 6 løyper og ei barneløype. Desse går alt i frå 1 meter over bakken, og opp til dei høgaste utfordringane på 12 meter over bakken. Parken har i alt 60 plattformar og utfrodringar. 13 av desse er tyrolertraversar (zipline).
Dette skule gje dei aller fleste utfordringar som ein kjem til å hugse.
Barneløypa er bygd heilt på toppen av parken, og den er laga slik at vaksne kan gå saman med borna anten i løypa eller på bakken ved sida av. Da er det enkelt å hjelpe til om det skulle vere nødvendig.
Barneløypa er og laga slik at ein kan gå heile løypa fleire gonger, eller berre delar av den. Dette er noko ein kan gjere medan ein ventar på dei andre som er i parken.
Parken har og ei ekstremløype som skal gje utfordringar sjølv for erfarne klatreparkentusiastar. Dette er ei forholdsvis kort løype med høg intensitet der du får prøvd både psyke og balanse.
Les meir på "Aktivilom" sine heimesider HER


