m_fyrtorn

ORD OM FJELL
Nytt fjelldikt hver dag
Trykk HER

v_jotunheimen

logo_sognefjellshytta

Fjellridning

Hest

På Raubergstulen finner dykk Jotunheimen Hestesenter, her tilbyr vi rideturar kvar dag etter avtale.

Islandshestane våre er gode turkameratar som tek dykk med på fine turar i naturskjønne omgivelser under kyndig veiledning frå guidane våre.

Her kan alle bli med, både store og små og både dei med og utan erfaring.
Aldersgrensa på 2-timersturane og halvdagsturane er 8 år.

Turane må bestillast på førhand, helst seinast dagen før.

Sesongen 2016 er frå 1. juli til 16. august.


Prisar og turalternativ:

Leietur 15-30 min: Kr. 150,-

Timestur: Kr. 250,-

2 timer: Kr. 450,-

Halvdagsturar, ca 3 timer: Kr. 550,-

Halvdags familietur: Kr. 1800,- for 2 voksne og 2 barn (Kr. 200,- ekstra for ekstra barn)

Informasjon om turane:

Alle som rir hjå oss må bruke hjelm. Vi har hjelmar til utlån om dykk ikkje har med
sjølv.

Vi rir stort sett i alt slags vær, ta derfor med gode og varme klede på kalde dagar.
Været forandrar seg fort, ta derfor med ekstra klede sjølv om det er fint når vi starter
turen, det kan og bli kaldt når ein sit roleg på ein hest.

Alle turene våre går i eit flott terreng på fine stigar, det er derfor moglegheit til å gå ved sida av om
nokon ynskjer det.

På 2-timersturene og halvdagsturene blir det ei pause på turen, det er derfor
mogleg å ta med seg niste og en kaffetermos om dykk ynskjer det. 

Timesturane går i nærområdet rundt Raubergstulen.
Leieturane går langs en grusveg, her kan dykk gå ved sidan av hesten medan nokon rir.




KOM BLI MED OSS PÅ EIN FIN RIDETUR I PERFEKT NATUR!!!!

Gudbrandsdalen-092003-99-1187 2_800x521Horseback-riding-at-Beitostolen-122011-99-0070-008f64-hm 2_800x532             Gudbrandsdalen-092003-99-1210 2_521x800


             Foto: Morten Brun/Visitnorway.com
                             CH/Visitnorway.com
                             Terje Rakke / Nordic Life AS - Visitnorway.com  
        



Horse-back-riding-by-Venabu-Fjellhotell-007e08-hm 2_800x532

Horse-back-riding-by-Venabu-Fjellhotell-007e09-hm 2_800x532



Ta med heile familien på ridetur!
Ein fin aktivitet for heile familien.
Våre islandshestar tek dykk med ut på tur i naturskjønne omgivelser rundt Raubergstulen.