Galdhøpiggen
Opplev Galdhøpiggen 2469 moh.
Bli med våre erfarne førare til toppen av Norge.
Galdhøpiggen er ein topp som er oppnåeleg for mange av oss. Og ein fantastisk oppleving for heile familien. Vi startar på Raubergstulen kl.0900 med utdeling av utstyr, alle vil få utdelt kroppssele til bruk over breen, og eventuelt broddar ved behov. Etter litt informasjon kjører du eigen bil eller samkjører med nokon til Juvasshytta og utgangspunktet for turen. Frå her følgjer vi den tradisjonelle ruta over Styggebreen. Vi startar i roleg gange inn mot breen, etter ca 1 time er vi inne ved breen der det blir ein god pause medan førarane legg ut tau til breturen. Etter innføring i korleis vi skal gå på bre, kryssar vi Styggebreen. Dette tek om lag 45 min i roleg tempo. Etter å ha kryssa Styggebreen kjem vi til Pigge-urda. Her tek vi av tau for å gå det siste stykket til toppen utan. Vi er no på 2271 moh., og det står att om lag 200 høgdemeter. Det er viktig å fylle på med drikke og mat undervegs.
Været kan være sol frå skyfri himmel eller vassrett snødrev sjøl om det er midt på sumaren. Det er difor visse krav til klede og sko som må oppfyllast. Dette er ting som bør vera med når ein pakkar sekken til ein tur på Galdhøpiggen.
Vindtett/vasstett ytterbekledning.
Lue og vottar
Varmt isolasjonslag, til dømes ull, fleece.
Ekstra sokkar, helst ull. (ikkje bomull)
Gode sko. Dette kan være fjellsko, gummisko eller evt. cherox med godt mønster i sålen kan gå. Vi på Raubergstulen har også fjellsko til utleige.
Solkrem og solbriller
Termos til varm drikke
Kald drikke
Matpakke
Ein treng ikkje kjøpe seg mykje nytt utstyr for å gå på Galdhøpiggen, dei fleste som bur i vinterkalde Norge har det dei treng. Er det spørsmål kring dette er det berre å ta kontakt.
Starttidspunkt våre gjestar: Kl 0900 på Raubergstulen
Juvasshytta tilbyr også daglege turar til Galdhøpiggen for alle som ynskjer. Juvasshytta har startidspunkt kl. 0900 for egne gjestar og kl. 1000 for alle som måtte ynskje.
|