![]() |
|||
Fjellturar I Jotunheimen finn du dei fleste av Noregs 2000 meterstoppar. Frå Raubergstulen er det kort veg til fleire av desse. Mange av desse toppane kan du bestige på eigenhånd om du er noko fjellvandt, medan andre vil kreve meir turerfaring for å bestige. Ein del toppar krev og at du har med førar om du ikkje beherskar taubruk og breferdsel. Omgjevnaden byr imidertid på mykje meir en høge toppar og brear. Her kan du vandra i gamal urskog, ta din eigen topptur til ei hø i nærleiken eller rusle langs ei elv og slengje litt med ei fiskestang. Moglegheitene er mange - det er du som rår. I Dumdalen, omlag 30 minutt køyring fra Raubergstulen, ligg ei rekkje kalksteinsgrotter. Elva Dumma har gjennom tusener av år laga gangar og holer som vi kan utforske. Med guide, passande klede og hovudlykt er dette for dei fleste ei stor oppleving. Her finns grotter for alle, også for dei med klaustrofobi. |
+ Fjellturar + Hestesenter + Galdhøpiggen + Sumarski + Vårskiløping + Sykkelturar |
||